Rekruttering blir diskutert, og særleg innanfor helse, pleie og omsorg. No virkar det som at alle partia er enige om å jobba for bedre bemanning i sektoren. Det er bra. Det er mykje snakk om nyrekruttering, minst like viktig er det å sikra at dei som allerede er ansatt trivst og står i jobben lengst mulig.

Diskusjonen om rekruttering til helsesektoren foregår overalt og problemet er minst like stort i dei store byane. Det er også rekrutteringsutfordringar i fleste andre sektorar. Situasjonen er lik overalt og alle lokalsamfunn har behov for meir arbeidskraft framover.

Derfor er me nødt til å også løfta blikket. Me må få fleire til å flytta hit og samtidig få dei som allerede bur i kommunen til å bli verande. Utan dette hjelp det lite med politiske mål om grunnbemanning og kommunale rekrutteringsplanar.

I 2020 kom det to rapportar om kva som driv folketallsutviklinga i distrikts-Norge, Distriktsnæringsmeldinga og Demografiutvalget. Begge er interessant lesing.

Det kan virka ironisk, men me må jobba meir med næringsutvikling framover. Fleire arbeidsplassar gir meir folk, meir folk skapar fleire arbeidsplassar. Dette heng i hop. Eg har også tru på initiativ knytta til kontorfellesskap og fjernarbeidsplassar i sentrum. Etter koronaen er aksepten for heimekontor-løysingar blitt større og ein kan sitta på Snåsa med heile verda som arbeidsplass.

Den viktigaste lærdommen frå rapportane er likevel at det er den såkalla bostedsattraktiviteten som er den største utfordringa for distrikta. I praksis betyr det at folk flyttar til byane fordi det er der dei vil bu. Grunnane til det er mange, men me må alltid ha dette i tankane når me diskuterer Snåsas utvikling.

Diskusjonar om Snåsas kvalitetar som buplass handlar ofte om friluftsliv og fjell. Dette er openbart ein viktig del av livskvaliteten til mange, meg sjølv inkludert, men eg trur me også må jobba meir med andre Snåsas andre kvalitetar som buplass framover.

Dei siste fire åra har me prioritert å få inn flest mogleg innspel frå innbyggarane i Snåsa. Ordet møteplassar går ofte igjen. Folk er sosiale vesen og me må legga til rette for at folk kan møtast. Det skjer mykje positivt i Viosen og kommunen skal no investera i området langs stranda. Me har også fått skissert andre idear om sentrumsutvikling som bør settast i live. Sentrumsutvikling er bra for alle. Samtidig må me heller ikkje gløyma å støtta opp om møteplassane som finst i grendene ellers, dei er viktige for mange.

Mange har etterlyst meir boligtomter i Snåsa og derfor blir nye sentrumsnære boligområder blir regulert inn no i arealplanarbeidet. Mange har også eit ønske om å busetta seg utanfor sentrum. Dersom du vil bygga hus utanfor sentrumsområdet, bør kommunen gi lov til større boligtomter enn dagens standard på 1-2 mål.

Me har også fått mange innspel dei siste åra på at kultur og frivillighet er viktig. Nasjonalt ser ein at rekrutteringa til frivilligheten har stupt etter pandemien. Eg trur frivilligheten må gis større oppmerksomhet også i det politiske arbeidet framover. Det som foregår i bygdas frivillige lag og foreningar betyr mykje for mange.

På Snåsadebatten blei listetoppane utfordra på kva det viktigaste rekrutteringstiltaket framover er. Eg trur svaret er banalt, men vanskelig. Me må sørga for at alle som bur på Snåsa og alle som besøker Snåsa har det bra. Dei som har det bra, vil verta Snåsa-ambassadørar overfor andre og på den måten bidra til rekruttering hit. For å få til det må me folkevalgte alltid ta på alvor dei utfordringane og innspela innbyggarane har. Det er eit ansvar alle folkevalgte har, uavhengig av kva parti som styrer. Godt val!